søndag 8. januar 2017

Ragna sine rugbrød

Ingredienser


250 g grov sammalt rug
250 g fin sammalt rug
250 g valsa spelt
750 g fin sammalt spelt (evt. 50/50 grov/fin)
10 dl havrekli
1 dl solsikkekjerner
1 dl knuste linfrø
1/2 dl chiafrø (eller andre frø du likar)
2 ts salt
1/2 pakke fersk gjær
1,5 l vatn
5 dl skumma kulturmelk

Ha alt det tørre i ein bolle.
Rør ut gjæra i det våte som har vorte lunka.
Ha det våte i bollen med det tørre og rør godt.
Deiga skal vere veldig laus,
og kan såleis ikkje eltast.
Hev i ein time under klede.
Slå ut lufta og la den heve ei stund til
(Kan sløyfast om ein har dårleg tid).
Slå igjen ut lufta og spa deigen over i 
tre former på 2 liter
(eller 4 former på 1,5 liter).

Sett brøda inn i omnen på om lag
25-40 grader 
for etterheving (nedst i omnen).

Når dei har heva seg litt,
skru opp til
200 grader
og la brøda steike i 
omlag ein time.

Ha brøda over på rist
for å kjøle seg ned.

Syns du dei har litt lite skorpe under,
set dei inn i omnen
med botnen opp
ei stund til.

Supergode brød!
💖💖💖

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar